Connect with us

Hi, what are you looking for?

Nyheter

Forståinga av mottakarane er viktig for sanksjonspraksis i Nav


Det kan vera vanskeleg å skilja mellom mottakarar som bryt aktivitetskravet fordi dei ikkje «kan», eller fordi dei ikkje «vil» delta, skriver innleggsforfatterne.

Styresmaktene let Nav-tilsette nytta skjønn for å avgjere bruken av sanksjoner. Da aksepterer dei ein risiko for vilkårleg handsaming av stønadsmottakarane.

Viten er Aftenpostens satsing på forskning og vitenskap, der forskere og fagfolk fra hele landet bidrar med artikler.

Når medarbeidarane ved lokalkontora i Nav vurderer om brot på aktivitetskrav skal føra til trekk i sosialhjelpa, skal dei ta stilling til om brotet skuldast manglande «vilje» eller «evne». Korleis påverkar forståinga av dette skiljet dei Nav-tilsette sin sanksjonspraksis?

I dei siste 20 åra har velferdspolitikken dreia i retning av å leggja større vekt på obligatorisk deltaking i arbeidsrelatert aktivitet som vilkår for å få stønad.

I dag skal alle som er under 30 år og får sosialhjelp, delta i slike aktivitetar og/eller utføra oppgåver for kommunen. Avvik frå aktivitetskravet kan sanksjonerast med reduksjon i stønaden.

Det er Nav-tilsette som avgjer om dei som bryt aktivitetskrava, skal sanksjonerast. Før dei reduserer stønaden, ventar styresmaktene at dei skal vurdera om avviket skuldast manglande vilje eller evne.

Å skilja mellom «kan» og «vil»

Det kan vera vanskeleg å skilja mellom mottakarar som bryt aktivitetskravet fordi dei ikkje «kan», eller fordi dei ikkje «vil» delta. For kvar går grensa mellom eigne val (vilje) og omstende som ligg utanfor eigen kontroll (evne)?

Filosofar diskuterer grensa mellom val og omstende, utan å ha ein klar konklusjon på kvar den bør gå og kva konsekvensar det er rimeleg at det får om ein er på den eine eller andre sida. No ventar styresmaktene at dette skiljet skal vere sentralt når Nav-tilsette skal vurdere om mottakarane skal få trekk i stønaden når dei ikkje innfrir aktivitetskrava.

Det finst lite kunnskap om korleis Nav-tilsette avgjer om stønadsmottakarar sjølv er ansvarlege for brot på aktivitetskrav og kva konsekvensar ei slik vurdering får for stønadsmottakaren.

Forteljinga om Daniel

For å finna ut om aktivitetsbrot vert straffa ulikt, alt etter kva personleg ansvar den Nav-tilsette meiner den som bryt kravet har, lyt me samanlikne saker som er heilt like, bortsett frå grunngjevinga for brotet på aktivitetskravet. Det seier seg sjølv at den typen variasjon finn me ikkje i data frå reelle Nav-saker.

Me har gjort ein omfattande vignettstudie som no er publisert i «International Journal of Social Welfare». I studien vart nær 1000 medarbeidarar ved meir enn 100 Nav-kontor presentert for ei kort forteljing (ein vignett): Daniel på 21 år mottek sosialhjelp, men innfrir ikkje aktivitetskravet.

Med unntak av grunngjevinga for at Daniel ikkje deltok på jobbsøkjarkurset (to setningar), var forteljingane identiske. I den eine versjonen seier Daniel at han slit med sosial angst, og at det var grunnen til at han ikkje møtte opp. I den andre varianten finn han kurset keisamt og irrelevant. Me varierte også bustadsituasjonen til Daniel. I halvparten av vignettane opplyste me at han bur med ei mor som har psykiske problem og er uføretrygda.

Fire versjonar av vignetten vart tilfeldig fordelt mellom Nav-medarbeidarane. Etter å ha lese vignetten svara dei på om dei ville redusere sosialhjelpa eller ikkje. For å sjekka i kva grad dei tolka vignettane slik me hadde tenkt, ba me dei plassera vignetten dei hadde fått, på ein sjupunkt skala med ytterpunkta «manglande vilje» og «manglande evne».

Store konsekvensar

Me finn at Nav-medarbeidarane i hovudsak forstår vignettane slik me venta, sjølv om det er noko variasjon innafor kvar vignett. Det er i hovudsak slik at dei Nav-tilsette meiner at Daniel med sosial angst ikkje kan innfri kravet om aktivitet. Medan han ikkje vil delta når han finn aktivitetskravet irrelevant og keisamt.

Denne vurderinga av personleg ansvar får store konsekvensar for om sosialhjelpa vert redusert eller ikkje.

Dei Nav-tilsette som fekk vignetten der Daniel grunngjev brotet med at aktiviteten er irrelevant og keisamt, har 100 prosent større sjanse for å sanksjonere brotet på aktivitetskravet.

Aksepterer risiko

Korleis dei forstår og handterer eit på mange måtar vanskeleg og skjørt skilje mellom «vilje» og «evne», får altså store konsekvensar for om stønaden vert redusert eller ikkje. Meir generelt viser studien at små justeringar i forteljinga om Daniel, som knappast er relevante for saka (bustadsituasjonen til Daniel), påverkar vurderinga av mottakaren og sanksjonspraksis.

Det er politiske styresmakter som har pålagt medarbeidarane i Nav å gjere desse vanskelege vurderingane. Til grunn ligg ei mistru til stønadsmottakarane sin aktivitets- og arbeidsmotivasjon. Om den mistrua ikkje var der, kunne aktivitetstiltaka vore frivillige. Når styresmaktene let Nav-tilsette nytta skjønn for å avgjere bruken av sanksjoner, aksepterer dei ein risiko for vilkårleg handsaming av stønadsmottakarane.




Source link

Click to comment

Leave a Reply

Tu dirección de correo electrónico no será publicada. Los campos obligatorios están marcados con *

You May Also Like

Nyheter

83 år gamle Bibi Vance skulle bare handle på nærsenteret. Det endte med to brudd i øverste nakkevirvel, brudd i skulderen og flere åpne...

Nyheter

Søppelfyllingen mellom Langøyene er sikret. 1. juli åpnet den historiefylte øya endelig for besøkende igjen. En ny syvdagersregel gjør at besøkende ikke kan tilbringe...

Nyheter

Plantetrenden er her for fullt. Her får du gode råd og tips om hvordan du begynner med stiklinger. Du kan ha stiklinger i alt...

Nyheter

Med seks milliarder kroner i frisk kapital heises Norwegian-flagget til topps utenfor hovedkontoret på Fornebu. Selskapet kan nå markere avslutningen på ett år med...